Tysdag morgon blir det meldt om svært glatte vegar på Askøy og elles i bergensområdet.

I Kollevågvegen har både ein lastebil og ein buss sklidd av vegen, ifølge 110 Hordaland på Twitter.

Det er ikkje meldt om personskadar.

– Det er fullstendig kaos på vegane, seier nyheitsleiar i Askøyværingen, Tom-Stian Karlsen, som er på staden der lastebilen har sklidd av vegen.

– Bussulukka skjedde tidlegare på natta

Vakthavande brannsjef Sveinung Sivertsen i Askøy brann og redning seier til Askøyværingen at føraren av lastebilen er uskadd.

– Lastebilen sklei av vegen idet han var på veg mot Kollevågen. Det er klink is på staden, seier Sivertsen.

Når det gjeld bussen, seier Sivertsen at denne hamna utfor vegen tidlegare på natta.

– Bussen står på tvers halvvegs ut i grøfta og halvvegs inn i vegbana, informerer Sivertsen.

Politiet var tidlegare på natta på staden for å sjekka opp i bussulukka. Dei har meldt inn at det ikkje skal ha vore personskader i samband med denne ulukka.

Artikkelen held fram nedanfor biletet.

Ein buss sklei av vegen i Kollevågvegen tysdag morgon. Foto: Tom-Stian Karlsen

– Det er klink is!

Askøyværingen har fått inn fleire meldingar om glatte vegar tysdag morgon.

– Det er såpeføre i Tveitevågvegen. Ta det så roleg som mogleg. Hovudvegen er salta, men det er framleis glatt ved Tveitevågkrysset og mot Ravnanger, skriv ein AV-tipsar.

Ein annan tipsar melder om klink is i bakken frå Rikets sal til Ravnanger og «bilar på kryss og tvers» i vegbana.

– Det er klink is! To bilar står fast i svingen på Tveit om mot Meny. Ein traktor er ut og saltar no, skriv ein annan.