– Melding om røykutvikling frå bil i Lyderhorntunnelen, skriv 110 Hordaland på Twitter tysdag morgon.

Nokre minutt seinare seier operasjonsleiar i Vest politidistrikt Hans-Eirik Thue til Askøyværingen at bilen er ute av tunnelen.

– Det har vore noko røykutvikling i ein bil i det vestgåande tunnelløpet, men bilen er ute av tunnelen og vil bli henta av berginsbil, seier Thue.

Trafikken skal flyta greitt vestover mot Sotra og Askøy.

– Ingen brann i bil, informerer 110 Hordaland på Twitter rundt klokka halv ni.