Startar opp nett-møteplass for ungdom

Gjennom Ungflimmer kan ungdom no driva gaming og koma i kontakt med vaksne og hjelpeapparat utan å forlata heimen.

Torstein Kayser inviterer ungdom til å møte andre ungdommer samt trygge voksne på nett.
  • Kyrre Styve
Publisert:
Denne artikkelen er over ett år gammel

– Det vil alltid vera vaksne som møter dei når dei loggar seg på, seier Torstein Kayser, kulturarbeidar ved Ungflimmer ungdomskultursenter.

Ungflimmer har blitt ein populær møteplass for både gaming-interesserte og anna ungdom. Under koronapandemien skal folk helst halda seg heime, og no vil Ungflimmer sikra at ugndomar ikkje blir sitjande einsame og utan kontakt med trygge vaksne.

– Me startar opp onsdag klokka 14, fortel Kayser.

Opningstida blir i første omgang onsdag mellom klokka 14 og 17, men Ungflimmer ønskjer gjerne å utvida dersom dei får det til.

Brukar Discord

Det blir lagt ut ei lenkje der ungdomane kan logga seg på. Dei brukar appen Discord, som er enormt mykje brukt blant gamerar og anna ungdom.

– På Discord-gruppa vil det vera vaksne til stades, seier han.

Dersom ein ikkje har det så bra i kvardagen, kan det tilspissa seg når dagane blir som no

Dei vaksne er frå Ungflimmer eller Playwell, gamingsenteret som Ungflimmer samarbeider med. Der kan ungdom få ein prat, enten i grupper eller åleine. Og dei som har behov for det, blir satt i kontakt med fagpersonar.

– Me har to miljørettleiarar frå Kleppestø ungdomsskule og ein frå Askøy vidaregåande.

Les også

– Koronakrisen er også en krise for barn og unge i en sårbar livssituasjon

Miljørettleiarane vil og kunna setja ungdomane i kontakt med helsesjukepleiar eller andre i helsevesenet. Dermed blir Discord-samlingane både gaming, vanleg sosial omgang og eit høve til å ta ein prat om det er noko som kjennest vanskeleg.

For dei som slit, kan dagane bli ekstra tunge når landet er nedstengt og det er få høve til å vera sosial eller koma seg utanfor huset.

– Dersom ein ikkje har det så bra i kvardagen, kan det tilspissa seg når dagane blir som no, seier Trine Trine Mikkelborg, miljørettleiar ved Kleppestø ungdomsskule.

Les også

For ikkje å få korona i bryllaupet, blir det middagsselskap med fire gjestar

Ho er ein av dei du kan få prata med via Discord. Målet er å gjera terskelen for å slå av ein prat eller be om hjelp endå lågare.

– Me har frå før «Hjertetelefonen», men for ungdom er det kanskje endå enklare å prata på chat, seier Mikkelborg.

Håpar å utvida

Korona-nedstenginga av samfunnet kan bli langvarig. Ungflimmer håpar å kunna utvida nett-tilbodet også til dei med andre interesser enn gaming. Det handlar om dans, kunst og musikk, der alt kan gjerast via mikrofon og kamera i heimen.

– Det er viktig at me held kontakten og passar på kvarandre no, seier Torstein Kayser.

Les også

Av de første med påvist smitte har kun én vært i utlandet

Så godt som alle arrangement og møtestadar har no stengt. Det betyr ikkje nødvendigvis at alle ungdomar held seg innandørs 24 timar i døgnet. Kayser og miljørettleiar Hogne Mjelstad har tenkt seg ut ein tur laurdag kveld, for å sjå om det er mykje ungdom ute og kva dei driv med.

– Me veit jo ikkje kva dei driv med, og ønskjer å få litt innblikk i kva som foregår. Til dømes er jo ikkje rusmiljøa stengt, seier Torstein Kayser.

Publisert:
  1. Koronaviruset
  2. discord
  3. Gaming

Mest lest akkurat nå

  1. Her er tiltaka staten foreslår på Askøy og i omegnskommunane

  2. Regjeringen kommer med smittevernpålegg for bergensregionen

  3. Kan teste 600 i uken hvis det blir behov

  4. Her køyrde mannen med 3,3 i promille

  5. – Brøytinga var for dårleg, men skal bli betre

  6. Her er alle boligene som er solgt de siste tre årene