Årets vinterferie har aldri vore nærare enn det han er no. Har du planar i vinterferien? Skal du til fjells, eller skal du berre slappa av heime?

Vel, moglegheitene er mange, men har du fri heile den komande veka, bør du i alle fall nytta høve til å koma deg utandørs.

– Det blir utevêr, ja. Det kan eg nesten garantera, seier vakthavande meteorolog Lars Andreas Selberg.

Frå basen sin på Meteorologisk institutt i Bergen, går han gjennom prognosane for vinterferie her i vest – frå Askøy heilt inst, til Øygarden ute i havgapet.

– Det er eigentleg ikkje så mykje å seia, og det har å gjera med at vêret ikkje kjem til å endra seg noko særleg dei neste ti dagane. Det blir kaldt, tørt og mykje sol, seier Selberg.

Han spår at dei aller beste dagane i vinterferien blir tysdagen og onsdagen. Då er det meldt blå himmel, sol og ned mot ti minusgrader.

Vakthavande meteorolog Lars Andreas Selberg ved Meteorologisk institutt smiler – akkurat slik som sola skal gjera dei neste ti dagane. Foto: Meteorologisk institutt

– Me går inn i ein skikkeleg vinterleg periode no, og samstundes kjem det eit kraftig høgtrykk inn frå aust. Dermed blir det lange periodar med opphaldsvêr og kulde. Det kan rett nok koma nokre veldig små mengder snø, kanskje litt på måndag og litt i slutten av veka, men ikkje meir enn at det er til å leva med, kjem det frå Selberg.

Han presiserer, som meteorologar flest plar å gjera, at meldinga han no gjev oss, er basert på prognosane slik dei ser ut akkurat no.

– Men mykje skal til for at dette skal endra seg nemneverdig. Det går mot ein fantastisk flott vinterferie, sluttar meteorologen.

Følg vêret på Yr.no.

Det blir strålande fint vêr i vinterferien. Foto: Karolina Golec (arkiv)