Tysdag fekk politiet på Askøy inn melding om at det var funnen ein raud småbåt av merket Steady 320 i Tveitevågen på Askøy.

– Båten hadde reke i land, men førebels veit me ikkje kven eigaren er, seier politioverbetjent Per Algrøy.

Han legg til at det ser ut til at det har vore ein påhengsmotor på båten, men at denne no er borte.

– Dersom nokon veit meir om båten er det berre å ta kontakt med politiet, oppmodar Algrøy.