Måndag skreiv Askøyværingen om at det var meldt inn heile sju tilfelle av bilskilt-tjuveri i Ask- og Florvåg-området i løpet av dei siste dagane.

No er talet oppe i 14. Tysdag pågreip politiet ein ruskøyrar som køyrde med falske skilt, og politioverbetjent Kjell-Bjørn Heggøy ville ikkje avvisa at det kunne vera ein link mellom dei mange tjuveria og ruskøyraren.

I dag, torsdag, fortel lensmann Odd Dale at dei har fått inn ytterlegare meldingar om bilskilt-tvjuveri.

– Me har fått inn totalt 14 meldingar. To av sakene er løyst, så me har funne ut av noko, men me manglar framleis ein god del i denne saka her, seier Dale.

Han legg til at politiet ynskjer tips i saka. Veit du noko, kan du kontakta Askøy lensmannskontor i vekedagane på 56152160, eller Vest politidistrikt i helgane eller ettermiddag/kveld på 02800.