Like over klokka ni onsdag kveld fekk naudsentralane melding om at ein bil var køyrd av vegen på Åsebø.
– Utkøyringa skjedde like etter Åsebø sag i retning Herdla. Det er ikkje meldt om alvorlege personskadar, seier operasjonsleiar Arve Samsonsen i Vest politidistrikt til Askøyværingen.
– Kjørte med et kikkhull gjennom frontruten
Hunder ble forlatt ute i vinterkulden. Bjeffet fra ettermiddagen til natten
Han fortel elles at det er svært glatte vegar på Askøy og elles i bergensregionen onsdag kveld.
– Regnet som har kome i ettermiddag har fryst til is i kveld, så det er veldig glatt akkurat no. Folk må køyra forsiktig, oppmodar Samsonsen.