Allereie på dåpsdagen til vesle Alfred, bestemte pappa og askøyværing Anders Jakobsen at han måtte skriva ned tankane sine om det han akkurat hadde opplevd.

Måndag denne veka kom resultatet på trykk i Bergens Tidende.

Lesarinnlegget handla om kyrkja, og om homofilt ekteskap. Sjølv om temaet er heitt, var ikkje Jakobsen sikker på at historia hans ville skapa dei heilt store reaksjonane.

– Men eg var førebudd på det. Det som er kjekt er at dei aller fleste reaksjonane har vore positive, seier Jakobsen til Askøyværingen tysdag føremiddag.

«Ekteskap er ikke for samkjønnede par»

Søndag 26. februar skulle Anders og kona, Stine Soltvedt Jakobsen, døypa minsteguten deira i Strusshamn kyrkje. Alfred, som no er blitt fire månadar gamal, skulle til pers saman med fem andre barn.

I løpet av dåpsseremonien kom sokneprest Michal Møgster inn på eit tema som har engasjert svært mange dei siste åra, nemleg homofilt ekteskap.

«Han var tydelig på at ekteskap kun skal være mellom mann og kvinne. Ekteskap er ikke for samkjønnede par, preket han», skriv Anders Jakobsen i lesarinnlegget i BT.

Artikkelen held fram under bilete.

Det var i Strusshamn kirke at sokneprest Michal Møgster ytret sin mening om homofilt ekteskap i en barnedåp forrige måned. Foto: SILJE ALVSAKER (ARKIV)

Slektning av kona forlot kyrkja

I dei neste avsnitta blir tonen skarpare:

«Min kone og jeg vurderte å gå fra gudstjenesten i protest.»

– Det enda med at me blei sitjande. Det er ikkje så enkelt å reisa seg og gå mitt i ein barnedåp, spesielt ikkje når son din er ein av dei som skal døypast, seier Jakobsen.

Han fortel at det var fleire som reagerte på det presten sa om homofilt ekteskap. Ein kvinneleg slektning av Anders si kone, valde å forlata kyrkja.

– Ho reiste seg og gjekk. Presten sin tale blei det store samtaleemnet den dagen, minnest Jakobsen, før han legg til:

– Dåpsdagen i sin heilskap, blei veldig fin. Det er viktig at kjem fram.

– Eg ville yta motstand

Jakobsen tok ikkje kontakt med sokneprest Michal Møgster i etterkant av dåpsseremonien.

– Eg lurte på om eg skulle gå opp til han og seie nokre velvalde ord, men det høva seg ikkje der og då, seier Jakobsen.

– Eg har også fått mange positive tilbakemeldingar på lesarinnlegget frå folk i kyrkja. Folk skal få lov til å ha ulike syn og meiningar om det meste, men her følte eg at eg måtte vera tydeleg på kva som var mi og vår meining. Eg ville yta litt motstand, poengterer Jakobsen avslutningsvis.

Følg Askøyværingen på Facebook!