Sjå videoreportasje øvst!

Inst i Faukangerpollen, nærare bestemt i Vågsbotnen like ved fylkesveg 562, putlar det og renn.

Av og til, men ikkje alltid. For dette er nemleg ingen vanleg foss. Dette er ein spøkjelsesfoss.

Artikkelen held fram under bilete.

Etter eit par dagar med ekte vestlandsvêr, tok Terje Haugland dette bilete av Spøkjelsesfossen i fjor sommar. Foto: Terje Haugland

Oppe i skogen, der vatnet kjem frå, er det verken dammar, innsjøar eller pyttar. Så kvar i all verda kjem vatnet frå?

Askøyværingen tok med seg spøkjelsesfossoppdagar Øystein Gundersen og naturekspert Terje Haugland ut på tur i den frodige skogen mellom Kjerrgarden og Berland for å komma eitt steg nærare ei forklaring på dette underlege fenomenet, som altså har fått namnet «Spøkjelsesfossen».

Artikkelen held fram under bilete.

Slik såg Spøkjelsesfossen ut 17. mai i år. Etter nokre dagar med opphaldsvêr, var det lite vatn å spora ned langs fjellsida mot sjøen. Foto: Terje Haugland

– Då me flytta nordover her til for ein 12–13 år sidan, så dukka det etter kvart opp ein foss borte i lia. Denne fossen fascinerte meg meir og meir, og eg forhøyrde meg med innbyggjarane her om kva som var greia, seier Øystein Gundersen.

– Det viste seg at fossen var kjend for dei lokale, og at dei kalla han for «Nordigarafallene». Det passa jo fint, tenkte eg, og det er jo kjekt at me her i nord har vår heilt eigen foss, humrar den naturglade kommunestyrerepresentanten.

Artikkelen held fram under bilete.

Terje Haugland og Øystein Gundersen er begge glade i å vandra i naturen. Foto: Joar Hystad

Som du kanskje allereie har gissa, er det meir «trøkk» i fossen etter nokre dagar med nedbør, enn når det ein sjeldan gong har vore opplett meir enn to dagar på rad.

– Fossen kjem frå ingenting

Då Gundersen, Haugland og Askøyværingens «utskremte» var ute på tur i midten av mai, hadde det vore finvêr nokre dagar, og dermed gjekk det relativt roleg for seg i den mystiske fossen.

– Det er ganske så fascinerande at han varierer slik som han gjer. Den eine dagen er det mykje vatn, medan det dagen etter kan vera heilt tørt, seier Terje Haugland, og held fram:

– Det er jo ingen vatn der oppe. Det er rett nok ein del myr der, men dette er uvanleg – og spanande.

Etter ei real synfaring i området, og etter å ha studert fossen på nært hald, var det tid for å konkludera.

– Fossen kjem frå ingenting. Elva kjem rullande stilt og roleg ned, og så endar det opp med ein skikkeleg spøkjelsesfoss, seier Øystein Gundersen muntert.

Slik vitjar du Spøkjelsesfossen

Dersom ein ikkje er så heldig at ein har båt tilgjengeleg, kan følgjande vegskildring nyttast dersom ein ynskjer å sjå Spøkjelsesfossen – både frå avstand og frå nærare hald:

Utgangspunkt: Spar-butikken på Fromreide like nord for Kjerrgarden.

Køyr eller gå om lag 800 meter nordover, og parker eit eventuelt framkomsmedel i vegkanten ved innkøyringa til Eikevågen. Gå over vegen til Fauskangerpollen og Vågsbotnen, og studer fossen anten på avstand frå fylkesvegen («over» sjøen) eller ta turen via Askøy på langs-løypa ca 300 meter sørover og «brekk» av til venstre ut av stien. Høyr etter rennande vatn og sjå etter mystiske, spøkjelsesaktige trær.

Ynskjer du vegskildring via Google Maps, kan du trykka deg inn her!

Sjå videoreportasje øvst!