I toppen i karate-NM
Utøvarar frå Askøy slo og sparka seg til edelt metall.
Publisert: Publisert:
Johan Dalis Jacobsen tok gull i både kata og kumite under noregsmeisterskapen i karate i helga. Han konkurrerte i 12/13-årsklassa, og representerer Strusshamn karateklubb.
Også andre utøvarar frå klubben hevda seg godt. Andrea Dalis Jacobsen tok sølv i kumite 14/15 år, og Amanda Wahlen tok bronse i same klasse.
Kata er kort forklart at ein går eit fast mønster med ulike teknikkar, og så blir ein vurdert ut frå stil og kvalitet på teknikkane. Kumite er kamp, der ein scorar poeng ved å få inn slag eller spark på motstandaren.
Det var 178 deltakarar frå 32 klubbar med i NM, som samla utøvarar frå ei rekkje ulike karate-stilartar.
Publisert: