No blir Brian FC Groningen-spelar
17-åringen frå Askøy blir fotballspelar på heiltid.
– Det er veldig kjekt, seier Brian Jahren frå Erdal.
Stortalentet har skrive kontrakt med FC Groningen sitt akademi, og om mindre enn tre veker dreg han til Nederland for å bli fotballspelar på heiltid.
17-åringen spelar no for Brann 2. Å bli henta til Groningen er eit solid steg framover i karrieren.
– Målet er jo å etablera meg på førstelaget, seier han.
Har følgd han lenge
Groningen har hatt askøyværingen på radaren i to år, etter at han spelte fotballcup i Rotterdam. Men koronapandemien hindra ei stund tettare kontakt med klubben. Tidlegare i vår kom han seg endeleg på treningsopphald i Groningen. Og der imponerte han nok til at dei hentar han.
– Eg skal nok rett i trening og oppkjøring når eg kjem dit, seier Jahren.
Følgjer etter Robben og Koeman
FC Groningen er ein solid klubb som spelar i æresdivisjonen, den øvste divisjonen i det nederlandske seriesystemet. Komande sesong i æresdivisjonen byrjar 14. august og blir avslutta 15. mai neste år.
Blant spelarane som har vore på Groeningen sitt a-lag finn ein Erik Nevland, Luis Suárez, Arjen Robben og Ronald Koeman. Både Koeman og Robben starta si karriere i akademiet Brian Jahren no blir del av.
Heimestadionen har ein kapasitet på ligg over 22.000 tilskodarar.
Byen Groningen er i folketal litt mindre enn Bergen.
Klikk her for å lesa meir om stortalentet frå Erdal.