– Lesarane kjem ikkje til merka noko til denne endringa i leiinga. Vi har dei same dyktige journalistane i avisene som vi har hatt dei siste åra, seier Marit Kalgraf.

Samarbeider godt

Terje Olsen har dei siste tre åra vore ansvarleg redaktør og dagleg leiar i AS Lokalavisene, som eig Askøyværingen og Vestnytt i tillegg til Strilen og Bygdanytt. Han sa nyleg opp stillinga si for å bli dagleg leiar i Avisa Hordaland på Voss og Vaksdalposten i Vaksdal.

Styret for AS Lokalavisene vedtok fredag å konstituera Marit Kalgraf som ansvarleg redaktør for Askøyværingen og Vestnytt frå måndag 14. mai, medan Eirik Langeland Fjeld blir konstituert for Bygdanytt og Strilen.

– Vi fire avisene har samarbeidd tett dei siste tre åra, og Eirik Langeland Fjeld og eg jobbar godt saman. Det kjem vi til å halda fram med, seier Kalgraf.

Anita Sandal Lærum blir konstituert som dagleg leiar.

Bransje i endring

Kalgraf tok over redaktørjobben i Askøyværingen i haust.

– Vi som jobbar i mediebransjen i dag, har vent oss til at vi må endra og utvikla oss raskt. Dei tilsette i Askøyværingen står på kvar dag for å gi innbyggjarane ei god lokalavis, og det held vi fram med, seier Kalgraf.

Terje Olsen skal jobba for Lokalavisene AS fram til sommaren, men den organisatoriske endringa vert sett i verk alt no.

Askøyværingen oppnådde ein opplagsvekst i fjor på heile 12,9 prosent, og det er på den digitale sida avisa veks. Askøyværingen har i dag om lag 1150 digitalabonnentar og 2650 abonnentar som også har papiravisa.