– Sesongens første ordentlege snøfall over vestlandet i natt. Det kan bety glatte vegar, og du må hugse å koste snø og skrape is av rutene og lysa før du legg ut på vegane, skreiv politiet på X laurdag morgon.

Laurdag føremiddag er det mange brøytebilar i sving på vegane. Marianne Hove i Vegtrafikksentralen seier at alle bilar er sendt ut.

– Det har ikkje vore spesielle hendingar, men det meldast jo om glatte vegar, seier ho.

Det skal slutte å snø i føremiddag, så ho reknar med at brøytebilane kjem seg rundt og får kontroll dei fleste stader.

Både Vegtrafikksentralen og politiet oppmodar til å tilpasse farta og halde litt ekstra avstand til bilen framfor deg dersom du skal ut og køyre i dag.

Ifølge Yr.no skal det ikkje kome meir snø etter klokka tolv.

Korleis er det der du er? Tips oss: redaksjon@av-avis.no