Søndag kveld skal ei 16 år gammal jente frå Askøy ha blitt slått i andletet med balltre av to gutar ved ein busshaldeplass i Grensedalen på Erdal.

– Ifølgje jenta er gutane i 16- til 18-årsalderen og frå Noreg, fortel fungerande lensmann Per Algrøy ved Askøy, Sotra og Øygarden lensmannsdistrikt.

Sjå kontaktinformasjon til politiet nedst i artikkelen.

– Sprang frå staden

Då Askøyværingen var i kontakt med Algrøy måndag føremiddag, hadde han for lite informasjon om saka til å kunna dela ho med media.

– No har me litt betre oversikt, seier Algrøy til AV tysdag, og held fram:

– Jenta har fortalt oss at ho var ute og gjekk tur i Grensedalen då ho blei kontakta av to gutar ved ein busshaldeplass. Gutane spurde om ho hadde sett ein annan gut, noko ho svara nei til. Etter det fortel ho at ho gjekk vidare før ho blei slått i andletet med det ho meiner er eit balltre, fortel Algrøy.

Artikkelen held fram under kartet.

Gutane skal så ha sprunge frå staden. Den 16 år gamle jenta har ikkje gjeve noko meir detaljert skildring av hendinga enn det politiet no har fortalt Askøyværingen. 16-åringen anar heller ikkje kven dei to gutane er.

– Me er avhengige av tips frå publikum. Per no står me på relativt bar bakke i denne saka. Me var ute og søkte med hundar søndag kveld, men søket gav ikkje resultat. I dagane som kjem vil me snakka med folk som bur i nærleiken og folk me kjenner i miljøet om dei kan ha sett eller høyrt noko, seier Algrøy.

Dersom du veit noko om denne saka, kan du ta kontakt med lokalt politi på telefon 56 15 21 60 mellom klokka 09.00 og 15.00 på kvardagar, eller med operasjonssentralen på telefon 02800 elles i døgnet og i helgane.

Det var ved dette busskuret at jenta skal ha blitt slått ned søndag kveld. Foto: Tom-Stian Karlsen