– Det har vore ei trafikkulukke i det vestgåande løpet. Fleire køyretøy har vore involvert, skreiv politiet på Twitter litt over klokka halv fire måndag ettermiddag.

– Det er ikkje opplyst om personskadar og bilane har køyrd ut av tunnelen. Politiet er på veg. Uhellet vil truleg seinke trafikken, stod det vidare i meldinga.

– Me må nok nedskalera dette til eit trafikkuhell, og det har ikkje fått dei heilt store konsekvensane, seier operasjonsleiar Lars Geitle til Askøyværingen like før klokka fire.

Han fortel vidare at det skal vera ein buss og ein lastebil som har sneia borti kvarandre.

– Det er ikkje meldt om personskadar og heller ikkje trafikkforseinkingar utover det som er vanleg på denne staden om ettermiddagen, seier Geitle.

Også tidlegare måndag ettermiddag var det kluss i Lyderhorntunnelen. les meir om det her.