Det er selskapet Jordtippen AS som vil starta opp på kaiområdet der også Chemco ligg.

Bedrifta vil ta imot, mellomlagra, reinsa og selja massar frå til dømes anleggsbransjen.

Ifølgje utsleppssøknaden kan det årleg dreia seg om:

  • Inntil 350.000 tonn reine jord- og steinmassar.

  • Inntil 300.000 tonn ureine jord- og steinmassar.

  • inntil 125.000 tonn betong, tegl og Leca.

  • Inntil 50.000 tonn asfalt som skal sendast vidare til produksjon av ny asfalt.

  • Inntil 5.000 tonn ureina massar som skal lagrast og vidareformidlast utan å bli behandla ved anlegget der.

Men selskapet trur ikkje at totalen årleg kjem til å overstiga 350.000 tonn.

Ventar støy

Ved ein del store anleggsprosjekt, til dømes vegbygging, kan det bli store massar til overs. Desse må reinsast før dei kan brukast til noko anna, og det er dette Jordtippen AS satsar på å tena pengar på.

Behandlinga av massane skjer ved sortering, knusing og vasking med høgtrykksvatn, og bruk av membranar. Dette vil medføra ein del støy i området.

I søknaden skriv selskapet at «av støyande aktivitetar kan nemnast knusing av stein, tipping av masse, lasting av masse på lastebil og båt, og motordur frå maskiner og lastebilar».

Det næraste bustadhuset står ifølgje søknaden ti meter unna, medan det er mange bustader innanfor 300 meters avstand.

Med lastebil og båt

Jordtippen AS skriv at dei mest støyande aktivitetane vil skje innandørs, og peikar på at bedrifta skal ha støyreduserande tiltak.

Selskapet vil driva på frå klokka sju om morgonen til klokka sju om kvelden. Transport av massar til og frå området vil skje med lastebilar og lastebåtar. Jordtippen trur det kan bli tale om 40 skipsanløp årleg.

Søknaden om utsleppsløyve ligg no hjå Statsforvaltaren, og er på høyring med frist 10. november. Ifølgje søknaden reknar ikkje Jordtippen AS med særlege utslepp til korkje land eller sjø. Dei ventar heller ikkje at nærområdet blir plaga med støv eller lukt.

Vil ikkje kommentera

Jordtippen vil etablera seg nær Chemco. Ifølgje dagleg leiar Eivind Solheimsnes skal Chemco driva vidare der.

Planane til Jordtippen omfattar at området vert utvida mellom anna med ein større kai, men dette samsvarar med eksisterande planar for industriområdet der.

Askøyværingen har stilt Geir Arne Hylland i Jordtippen AS fleire spørsmål om planane, men har fått til svar at selskapet ikkje ønskjer å kommentera planane no.

Jordtippen AS vart oppretta i 2007, og har kontor i Godvik. Selskapet er tilknytt andre selskap som driv mellom anna med eigedom, fjellsikring, veg, vatn og avlaup.