Den siste veka har me omsider fått oppleva det som må kunna kallast sommar også her i vest.

Meteorolog Anne Solveig Andersen fortel at me no er oppe i heile sju (!) dagar på rad, der makstemperaturen har vore over 20 grader.

Artikkelen fortsetter under bildet.

Slik såg det ut i Kollevåg i helga. Foto: Karoline Forselius

Som om ikkje det er nok, har himmelen vore skyfri store deler av perioden, og både askøyværingar og andre vestlendingar har til tider invadert badeplassane rundt omkring i distriktet.

– Også i dag skal det bli relativt bra, seier Andersen når AV pratar med ho onsdag morgon.

– Det blir i alle høve varmt. Utpå ettermiddagen kan det rett nok koma eit par mindre byger, men elles ser det greitt ut, held ho fram.

– Noko ustabilt

Ifølge vêrvarslinga på nett skal temperaturane synka dei neste dagane. I tillegg kan det sjå ut til at me skal få helsa på ein gamal kjenning; regn.

– Vêret framover vil vera noko ustabilt. Torsdag kjem det inn ein front frå vest, og i etterkant av dette vil nok bygene koma hyppigare for kvar dag som går. Nøyaktig korleis det blir til helga er vanskeleg å seia. Truleg vil me oppleva at vêret er veldig skiftande, kjem det frå Andersen.

– Er sommaren over?

– Det spørs kva du meiner med sommaren.

– Blå himmel, sol, varmt...

– Tja, temperaturen er jo venta å synka litt, men me kan jo håpa at det er forbigåande. Eg trur ikkje sommaren er over heilt enno, sluttar metorologen.