Det var litt etter midnatt natt til laurdag at politiet fekk ei rekkje oppringingar på 112. Alle hadde det same å fortelja: På riksveg 555 ved Storavatnet vandra det ein kar i vegen.

På motorvegen er det berre bilar, tunge køyretøy og motorsyklar som har lov å køyra. Du har ikkje lov å ta deg fram der på to bein. At ein er rusa, gjer ikkje situasjonen betre. Men sjølvsagt er det formidlande at ein går i julepysjamas.

Det er uklart kva mannen eigentleg gjorde der, utanom å vera på spasertur. Kvifor han var fast bestemt på å bruka julepysjamas i november, er også uklart. Men politiet fekk raskt kontroll på han.

Det skjer titt og ofte at det er ting på 555 som ikkje høyrer heime der. Gåande i tunnelar er eit tilbakevendande problem. Det same er last som blir mista i vegbana, samt det kanskje mest vanlege: Folk som råkøyrer.