Mediekonsernet Polaris Media kjøpte i haust 51 prosent av Lokalavisene AS, som Askøyværingen er ein del av.

Dei lyste då ut stillinga som direktør for regionen som Vestnytt no har blitt ein del av. Måndag blei det klart at det er Askøyværingen sin eigen redaktør Marit Kalgraf som får stillinga. Ho er i dag også ansvarleg redaktør for Vestnytt.

Ho blir då sjef for heile regionen, som består av Askøyværingen, Vestnytt, Strilen, Bygdanytt, Sunnhordland, Bømlo-nytt, Marsteinen, Stord24, Øyposten og Randaberg24. Til saman er det cirka 75 tilsette i selskapa, som totalt har ei omsetning på rundt 124 millionar kroner årleg.

– Eg gler meg til å starte på oppgåvene og til å bli kjent med dei tilsette, spesielt i dei avisene eg ikkje har jobba med før, seier Kalgraf.

– Føler eigarskap

Til Askøyværingen seier ho at det også blir vemodig å ikkje vere redaktør lenger.

– Eg føler eg må gjennom ein avvenningsprosess. Eg føler sterkt eigarskap til både Askøyværingen og Vestnytt, seier ho.

At ho framleis blir i «familien» og skal jobbe med avisene frå eit anna nivå, gjer det enklare.

– Som direktør kan eg ikkje legge meg opp i daglege, redaksjonelle prioriteringar. Når det gjeld den overordna redaksjonelle strategien, får eg derimot påverke den, seier ho.

Kalgraf tiltrer formelt i den nye stillinga etter nyttår. Då går dagens nyheitsleiar i Askøyværingen, Leif-Kjartan Bjørsvik, inn som konstituert redaktør.

Parallelt blir stillinga som ansvarleg redaktør i Askøyværingen og Vestnytt lyst ut.

Fra venstre: Håvard Kvalheim (styreleder PM Vest, adm. dir. i FVN/PMSør), Marit Kalgraf (påtroppende adm. dir. i PM Vest), Øyulf Hjertenes (nestleder i styret PM Vest, COO i Schibsted News Media), Per Axel Koch (konsernsjef i Polaris Media) Foto: Ruth Mari Skulbru

Gode leiareigenskapar

Styreleiar Håvard Kvalheim i Polaris Media Vest fortel at prosessen med å finne den rette kandidaten har vore grundig, og at konkurransen var hard.

– Det er ekstra gledeleg at ein intern kandidat går heilt til topps, seier han.

Styreleiaren gler seg til å jobbe med Kalgraf for å utvikle regionen.

– Oppgåva er å sikre at mediehusa utøver samfunnsoppdraget sitt minst like bra i ei heildigital framtid seier han.

Ifølge Kvalheim har Kalgraf vist at ho har gode leiareigenskapar og er flink til å bygge lag og samhald, samtidig som ho har lukkast med å skape positiv endring og digital omstilling.

– Vi er overtydde om at ho er rett person for å utvikle regionen inn i framtida, og gler oss til ho tar fatt på jobben.

Om den nye jobben seier Kalgraf at målet er å gjere mediehusa rusta for framtida.

– Vi skal satse digitalt for å sikre at alle lokalsamfunna har lokalaviser som tener innbyggarane godt både no og i framtida. Og ikkje minst skal vi ha det gøy på jobb, seier ho.