– I løpet av kring ein månad er vi i gang med sprenginga, seier Are Mjøs, representant for Sartor og Drange AS.

Entreprenøren har fått oppdraget med å ferdigstille arbeidet som stoppa opp etter konkursen til Contexo i 2020.

Mjøs og Vestland fylkeskommune var på plass under folkemøtet om vegarbeidet på det 1,4 kilometer lange strekket mellom Marikoven og Skiftesvik torsdag kveld.

Gler seg

Dei fleste i salen er nøgd med at arbeidet startar opp att med ny entreprenør.

Ifølgje Mjøs har også selskapet solid økonomi, med ein årleg omsetnad på 750 millionar kroner. Til ein pris på kring 94 millionar kroner skal Sartor og Drange AS fullføra arbeidet på vegstrekket.

Etter møtet fekk folk moglegheit til å spørje fylkeskommunen og entreprenøren direkte spørsmål. Foto: Solveig Høegh-Krohn

Mange har tillitt til at den nye entreprøren kan ferdigstilla vegen.

Ekteparet Karin Irene og Kjetil Are Bakke har budd ved vegen i 50 år. Dei har framleis brønn. Det endrar seg no.

I samband med den nye vegen, vil Askøy kommune også legga nytt vatn- og avløypsnett. Då får ekteparet kobla seg på. Dei gler seg.

– Vi bur rett med vegen frå Kvitaneset og får orkesterplass til arbeidet, seier Kjetil Are med ein smil.

Fast stengetid

Sprenginga han snakkar om, er knytt til ei 30 meter høg fjellskjering som skal bort på Kvitaneset.

Det var Are Mjøs som svarte på flest spørsmål frå salen. Han var representant for entreprenøren Sartor og Drange AS. Foto: Solveig Høegh-Krohn

Allereie om halvanna veke startar dei borringa på toppen av fjellet. Mjøs er klar på at alle som treng å få vite om sprenging og stenging skal få beskjed.

Det blir mellom anna mogleg å få sms-varsling direkte frå entreprenøren på deira heimeside.

– Det blir fast stengetid mellom klokka 11:30 og 12:30, seier han.

Det er tilpassa bussen som går forbi klokka 11:16 og 13:19.

– Av og til kan vi opne fem minutter etter stenging, men du må ikkje belage deg på det, understreker Mjøs.

3–4000 lastebillass med stein frå Kvitaneset må køyrast bort når dei har sprengt. Foto: Jan Erik Storebø (arkiv)

Han meiner det er viktig at folk har god tid når dei skal ut og køyre og at dei planlegg kvardagen godt. Det kan tenkes at stenginga blir lengre enn timen også, på nokre tidspunkt.

Noko blir som før

Norrønaheimen er fullsett av engasjerte askøyværingar torsdag kveld, og fleire spørsmål melder seg. Mellom anna kva som skjer med den gamle Pøylebrua og beredskap i tilfelle vegen er stengd.

Planen er at den gamle brua skal bevarast som gang- og sykkelveg, fortel byggeleiar i fylkeskommunen, Arnt Trætli.

Blir det mogleg å parkere langs vegen som før, er det fleire i salen som lurer på.

– Det blir ikkje parkeringsplassar, berre to felt og fortau, seier entreprenøren.

Fartsgrensa i området blir som no, 50 kilometer i timen. Men før dei er ferdig kjem det truleg til å gå saktare.

– Det blir verre før det blir betre, seier entreprenøren.

I periodar kan det bli mykje trafikk. Det er 3–4000 lastebillass med stein som skal fraktas vekk etter sprengingsarbeidet, fortel Trætli.

Norrønaheimen var fullsett med askøyværingar torsdag kveld. Foto: Solveig Høegh-Krohn

Beredskapsplanar klare

Fylket har også hatt møte med naudetatane om beredskap.

– Brannbil vil bli ståande på innsida i Marikoven til ei kvar tid. I tillegg vil det vera ein brannbåt som vil frakte mannskap frå Marikovneset til Marikoven i naudsituasjoner, seier han.

Det skal vera mogeleg for heimesjukepleien og naudetatane å passera, forsikrar fylkeskommunen.

– De vil føla dykk trygge, de som bur på innsida, seier Trætli.