Det er fleirtalet i Vestland fylkesting (Ap, Sp, SV, KrF, V og MDG) som i ei pressemelding varslar at dei vil bruka 23 millionar kroner ekstra på ein fleksi-billett.

Dette kan vera eit alternativ til månadskort, for folk som ønskjer å bruka buss, bane og båt ofte, men ikkje nødvendigvis kvar dag. I byrjinga av ein periode på 30 dagar betalar du vanleg pris for enkeltreise. Så vert billetten billigare for kvar reise. Maksimalt avslag vert på 40 prosent.

– Me innfører fleksibel billett på bane og buss. Alle får rabatt, den aukar for kvar reise, og kan bli like høg som månadskort, skriv fleirtalspartia i pressemeldinga.