Lyderhorntunnelen retning vest vart stengt rundt klokka 13.45. Tunnelen opna att klokka 14.10.

Uhellet skjedde søndag ettemiddag. Vegtrafikksentralen melder at eit dekk på ein lastebil eksploderte.

Lastebilen kom seg ut av tunnelen. Dermed vart Lyderhorntunnelen opna att. Men så skjedde det eit nytt uhell. Ifølgje Vegtrafikksentralen køyrde ein eller to bilar i bommen som går ned når tunnelen er stengt. Den eine bilen skal ha fått bommen i frontruta.

– Dermed måtte me stenga tunnelen att, seier pressekontakten ved Vegtrafikksentralen.

Politiet rykka ut.

Bilen skal ha fått knust frontruta, og stod ved tunnelinnløpet på vestsida. I tillegg måtte mannskap ut for å rydda dekkrestar frå tunnelen.