Det melder Statnett i ei pressemelding. Selskapet er i gang med nettforsterkningar i Vestland og bergensområdet, for å møta behovet for økt kapasitet i kraftnettet. Statnett håper å starta bygginga i 2028 og opna linja i 2031 eller 2032.

Nokre år fram i tid vil denne nettforsterkinga kreva ny kraftleidning frå Samnanger til Kollsnes.

Luftspenn og sjøkabel

Kommunane Øygarden, Askøy, Alver, Osterøy, Vaksdal og Samnanger vil delvis få luftspenn og delvis sjøkabel, for å få fram den nye linja. Mellom Askøy og Øygarden er det planlagt sjøkabel, medan kryssinga av Herdlefjorden går i sjøkabel i det eine alternativet og luftspenn i det andre.

Forbruksvekst

Forbruket i bergensområdet vil auka kraftig i åra framover. Statnett og BKK kjenner til ytterlegare planar om forbruksvekst, spesielt ute ved kysten. Ved å bygge ein ny forbindelse til Øygarden, blir kapasiteten i kraftnettet auka, slik at ein kan legga til rette for den planlagde forbruksveksten. Forbindelsen til Øygarden inngår i oppgraderingen av sentralnettet mellom Sauda og Sogndal.

– Me har hatt dialog med kommunane som blir råka og tilbydt dei å møte oss kvar månad sidan hausten 2022. For oss har møta hatt stor verdi i perioden kor me har førebudd melding til NVE. Me håper å halda fram den gode dialogen, seier Elisabeth Vike Vardheim, konserndirektør for Nett i Statnett.

Droppar Modalen

Modalen vart også vurdert som utgangspunkt for ein ny forbindelse til Kollsnes. Ut frå korleis dei påverkar kraftsystemet, vurderer Statnett at forbindelsen mellom Samnanger og Øygarden er ei betre teknisk løysing enn ein forbindelse frå Modalen.

Meldinga som no går til NVE inneheld fleire alternative trasear. Samtlege er kombinasjonar av luftspenn og sjøleidning. Traséalternativa varierer i lengde og utforming og kan grovt delast inn i eit nordleg alternativ og eit alternativ frå sør.

420 kilovolt

Statnett sender melding til NVE no for å gjera det kjent at dei har starta planlegging av ny 420 kilovolt forbindelse mellom Samnanger og Øygarden. Melding til NVE innleiar arbeidet med konsesjonsprosessen og gjev dei som kan bli råka av tiltaket tidleg informasjon om planane.

– Det er viktig at dei som har innspel til utgreiingsprogrammet nyttar seg av høyringsprosessen og sender høyringsinnspel til NVE, når høyringsprosessen er sett i gang, seier Vardheim.