Tysdag kveld fann ein båteigar den 19 fot store fritidsbåten sin i Strusshamn utan påhengsmotor.

– Det er ein 50 hestekrefter stor Suzuki-påhengs som er borte. Båten låg igjen, informerer Askøy-lensmann Torgil Lutro.

Han legg til at tjuveriet kan ha skjedd frå og med laurdag til og med meldinga kom inn tysdag kveld.

– Dersom nokon har sett eller høyrd noko mistenkjeleg, er det berre å ta kontakt med politiet, oppmodar lensmannen.

Tjuveriet skjedde ved den kommunale kaien i Strusshamn.