Trur at sommaren tek leiinga igjen i løpet av kort tid

Sommaren fekk ein knallstart på kampen, men så kom utlikninga. No går det mot fleire mål i toppkampen mellom sommaren og hausten, og me er framleis berre i 1. omgang.

Kampen mellom sommaren og hausten er lang ifrå avgjort. Eit stykke ut i 1. omgang er stillinga 1–1.
  • Joar Hystad
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over fire år gammel

Etter at sommaren tok leiinga 1-0 med eit vanvittig langskot i krysset i midten av mai, var det mange som frykta at målet kom for tidleg. Å halda på ei slik leiing gjennom ein heil kamp, kan vera tøft for sjølv dei aller beste.

Les også

Skal blåsa liv i Sjoddien igjen

Stillingskrig

Og ja, sommaren som velta innover oss i mai var verkeleg dèt – ein av dei aller beste. Dei presise langpasningane og innlegga kom som perler på ei snor – og varmerekordane måtte gje tapt ein etter ein.

Men så kom utlikninga. Med kontante regnbyer, synkande temperaturar og vind i bakrom, sat 1–1 i nota for hausten allerede i byrjinga av juni. Eit skikkeleg sleivspark.

Stillingskrigen var i gong. Var sommaren allereie tom for krefter før halvtimen var unnagjort? Skulle det no bli einvegskøyring frå hausten si side, og det attpåtil på sommaren sin eigen heimebane; juni, juli og august?

Les også

Ja, det blir en herlig sommer for fotball, dere!

Spår ny sommarleiing

Spørsmåla har eigentleg plaga oss eit par veker no. Søndag ville me ha svar, og såleis me tok oss ein telefon til sommarekspert og vakthavande meteorolog Kristin Seter i Vêrvarslinga på Vestlandet. Ifølge henne er kampen langt ifrå avgjort. Ja, viss me skal tru prognosane for dei komande dagane, er det faktisk berre eit tidsspørsmål før sommaren igjen set ballen i nettet og tek leiinga nok ein gong.

Om ikkje klin i krysset slik som sist, ja, så i alle fall i mål. Bak ein sjanselaus haust-keeper. Yes!

– Det går mot ei betring igjen. I dag kan det vera litt gromsete, men allereie i morgon tidleg kan det bli ganske fint, seier Seter, og held fram:

– Utover veka skal det bli varmare. Ikkje så varmt som i slutten av mai, men me det vil nok bli over 20 grader i enkelte periodar. At det ikkje blir like varmt som sit, er det nok fleire som er glade for, meg sjølv inkludert.

Les også

Spøkjelsesfossen: – Dette er både mystisk og spanande

2–2 allereie neste helg?

Seter vil ikkje spå vêret for neste helg, men slik det ser ut no, er det diverre ikkje utenkjeleg at det vil koma nokre byer. Skal hausten utlikna igjen allereie altså?

– Det er eigentleg litt tidleg å seia, svarar meteorologen.

Me kryssar fingrane...

Høgtrykket som i løpet av dei neste dagane skal senda sommaren opp i leiinga igjen, er no ganske nøyaktig over Storbritannia, og det om lag samstundes som England møter Panama i fotball-VM i Russland. Tilfeldig? Neppe.

Me går for siger til sommaren!

Publisert:
  1. Sommer
  2. Meteorologisk institutt

Mest lest akkurat nå

  1. Gigantisk bildeserie: Slik har du aldri sett Askøy før

  2. Johan er spilt over én million ganger på Spotify. Musikken har hjulpet artisten gjennom tunge tider

  3. Økt pågang på flere skoler

  4. Usaklig kritikk av en prest