Valden skjedde ved tinghuset i Bergen. I det same tinghuset er han no dømt til tretti dagars fengsel.

Det var ei laurdagsnatt for halvtanna år sidan at valden fann stad. Askøy-mannen trefte ei venninne han ikkje hadde sett på lang tid, og vart ståande og prata med ho.

Angreip to gonger

Det likte ikkje kjærasten hennar. Han nærma seg Askøy-mannen bakfrå og slo han i bakhovudet. Askøy-mannen fall i bakken, og valdsmannen slo han i ansiktet og tok kvelartak på han.

Då dei kom seg på beina att, gjekk Askøy-mannen vekk og ropte så «kva er det som feiler deg?». Då kom valdsmannen tilbake og dytta han i bakken og slo han fire gonger.

Kjærasten og ein annan mann gjorde sitt beste for å gå mellom dei, men skal ha blitt dytta unna av valdsmannen.

Fanga på video

Askøy-mannen drog heim, men drog så til legevakta. Der vart det konstatert sår i munnen, oppskrapa hud, kul i bakhovudet og hevingar på armane og halsen.

Den tiltalte tilstod valden, som det også fanst videoopptak av. Men mannen hugsa fint lite på grunn av at han var full.

Å vera rusa når ein gjer noko dumt, gjev ikkje lågare straff. Juridisk er det slik at dersom du sjølv har valt å rusa deg, skal du dømmast som om du var edru då det skjedde.

Råkøyrde

Valdsmannen er no også dømt for å ha køyrd motorsykkel i 152 km/t i Knappetunnelen.

I Hordaland tingrett vart mannen dømt til tretti dagars fengsel, og må betala 15.000 kroner i oppreising til Askøy-mannen. Han må og klara seg utan førarkort i 18 månader.

Ankefristen er ikkje ute.