Det må tungt utstyr til når ein heil oljeplattform skal fraktast eit par tusen mil. Ved Hanøytangen er det eit skip som no førebur å ta med seg ein plattform til Australia.

– Når ein plattform skal fraktast over ein så lang distanse, er det mest miljøvenleg å frakta den på eit skip, seier Semco Maritime-direktør Tor Erik Christoffersen.

Det nyttar ikkje med kranar når ein plattform skal opp på dekk. «Blue Marlin» er eit såkalla «semisubmersible heavy lift ship», som fyller ballasttankar for å få dekket under overflata. Då kan plattforma plasserast over dekk, og så blir ballasttankane tømt slik at dekket reiser seg opp av sjøen att.

Operasjonen på Hanøytangen har pågått i fleire dagar, og er no inne i siste fase før skipet kan setja kursen ut Hjeltefjorden og mot Australia.

Blue Marlin er 225 meter langt og 63 meter breitt. Skipet har eit dekksareal tilsvarande om lag to fotballbaner. Det kan bera med seg last på rundt 70.000 tonn.