Fram til og med 19. desember bør du nytta høve til å merka Instagram -bileta dine med emneknaggen #mottilåbrysegaskøy .

– Førjulstida er ei fin tid å visa at ein bryr seg, og det å bry seg er noko av det viktigaste ein gjer, kjem det frå MOT-koordinator Sølvi Folkedal.

– Kva type bilete er det folk kan merka med #mottilåbrysegaskøy?

– Bilete som spreier glede, seier Herman Hauge i Ungdom med MOT.

– Bilete som viser at ein gjer noko for andre, repliserer Sigrid Husgard.

20. desember vil ein utvald jury plukka ut dei to finaste bileta. Vinnarane av fotokonkurransen får kvar sin bag fullstappa med diverse varer frå dei aller fleste butikkane på Kleppestø senter.

Følg Askøyværingen på Facebook!