I morgontimane onsdag blei det meldt om glatte vegar fleire stader på Askøy.

– Me har ikkje fått så mange meldingar frå Askøy, men det er glatt der også, satrafikkoperatør Lise Kristoffersen i Statens vegvesen.

Då Askøyværingen prata med Kristoffersen klokka halv åtte, kunne ho fortelja at entreprenøren var i gong med å salta vegane i og rundt heile bergensområdet.

– Køyr forsiktig. Eg kan ikkje seia nokre spesielle stader der det er ekstra glatt, så folk må berre køyra etter forholda.

Følg Askøyværingen på Facebook!