Torsdag føremiddag fekk politiet inn ei melding om at ein mann gjekk amok på Juvik.

– Han hadde slege rundt seg med ein spade. På eit tidspunkt hadde han slått til ein bil med denne spaden slik at skaftet knakk av. Skaftet kasta han mot ein tilfeldig forbipasserande, fortel operasjonsleiar Terje Magnussen i Vest politidistrikt.

Politiet måtte ikkje reisa lange vegen då dei skulle rykka ut til Juvik ettersom politistasjonen ligg like ved der meldinga kom frå, og etter ei kort stund lukkast patruljen i å lokalisera gjerningsmannen og få kontroll på han.

– Eg kan stadfesta at det er snakk om ein kjenning av politiet, seier operasjonsleiar Magnussen.

Mannen blir no teken med til politistasjonen og det blir oppretta sak på forholdet.