Tenåringen frå Askøy hadde ikkje hatt førarkort lenge då han køyrde 51 km/t over fartsgrensa.

Køyreturen fann stad i Fløyfjellstunnelen fjor haust, og den vesle boksen på veggen knipsa naturleg nok bilete av bilen som raste forbi.

Nyleg var råkøyringa oppe i retten. Når ein køyrer i over 130 km/t i 80-sone, kan ein hamna i fengsel. Men dommarane la vekt på at den unge mannen tilstod alt og hadde samtykka til tilståingsdom.

Tilståingsdom kuttar ned tida politi og rettsvesenet må bruka på ei sak, og resulterer difor i strafferabatt.

I Hordaland tingrett vart han dømt til 30 timars samfunnsstraff. I tillegg vart han dømt til å klara seg utan førarkort i åtte månader.

Om han vil køyra bil att etter at tapstida er ute, må han ta førarprøven på ny.