No blir det billigare å køyra til Bergen. Men berre for elbilar
Halverer prisen i bompengeringen.
- Vestnytt
Regjeringa sitt såkalla bompengeforlik i fjor gir 55 millionar kroner til Bergen, som kommunen kan bruka til å redusera bompengane med.
No er det klart korleis pengane skal brukast.
Halvert pris
For bensin- og dieselbilar samt hybridar blir det inga endring. Derimot blir det endå billigare å køyra elbil. For dei som køyrer utelukkane på elektrisitet, blir satsane halvert:
- Det skal kosta fem kroner å passera bompengeringen med elbil
- I rushtida blir prisen ti kroner
Ordninga kjem på plass etter at byrådspartia samt SV og Sp har blitt samde, skriv BT.
Mange forslag
Byrådet sitt opprinnelege forslag var å kutta takstane til alle køyrety i ytre bompring med åtte prosent.
Ifølgje BA ville dei andre partia bruka pengane som følgjer:
Høgre og Raudt ville utvida timesregelen.
FNB ville bruka skattepengar til å dobla kuttet.
Frp ville senda saka i retur og sjå på kutt i utgifter, mellom anna til sykkelvegar.