SISTE (fredag kveld): Det er meld om fleire glatte vegar rundt omkring på Askøy og elles i bergensregionen. Oppmodinga er som vanleg å køyra forsiktig og ta omsyn til føret.

Dette sa trafikkoperatør Katrina Kvåle i Vegtrafikksentralen til AV tidlegare i dag:

– Entreprenøren overvakar vegane på Askøy og har god kontroll. Det vil bli salta ved behov. Det er uansett umogleg å rekka over alt på ein gong dersom det skulle frysa til, så det ein må ta omsyn når ein er ute og køyrer bil fredag kveld og natt til laurdag.

Fredag har det som venta kome inn ein del regn, sludd og snø frå vest. Fredag ettermiddag var det framleis såpass mildt at dette ikkje fraus til is på vegane, men mot kvelden og gjennom natta dalte temperaturen ned mot null og det er meldt om glatte vegar fleire stader på Askøy.

– Det er vanskeleg å spå noko på førehand, men det skal ikkje mange minusgradene til før det plutseleg kan bli veldig glatt, sa trafikkoperatør Kvåle til AV tidlegare fredag.