Alle hjelpetelefonar melder om auka pågang no under koronapandemien, og det er oppretta ei rekkje nye kontakttelefonar. No startar også Ungdomstenesta i Askøy kommune opp ein telefon spesielt retta mot ungdom.

– Spesielt for dei sårbare og utsette er dette ei vanskeleg tid. Det kan vera ungdom som opplever å ha ein vanskeleg heimesituasjon, ungdom som har lite nettverk i form av vener eller familie, skriv Ungdomstenesta i ei pressemelding.

Når skulane er stengt og ein held seg mykje heime, har ikkje ungdom som slit heime den fristaden skular og andre møtestader kan vera.

Ungdom som treng ein prat kan no ringa 56 15 86 60. Telefonen er bemanna måndag til fredag kl. 14:00-21:00, og skal vera open så lenge skulane er stengt.

Det er også mogeleg for foreldre å ta kontakt på vegner av ungdom for å oppretta kontakt.

– Det viktigaste er å snakka med nokon, at ein ikkje blir sitjande åleine med ei dårleg kjensle og for mange grubletankar. Me håpar dette tilbodet kan hjelpa fleire ungdomar. Me ønskjer å vera tilgjengelege for ein prat, skriv Ungdomstenesta.

Du finn også Ungdomstenesta på Askøy på Facebook.