Det vanskelege føret på vegane fredag morgon har ført til lange køar. I Kjerrgardskrysset køyrde ein buss seg fast.

Frå Ravnangerveien mot nyevegen til Hanøy sette ein stor semitrailer seg fast. Her var det ikkje brøyta.

– Det skal ikkje meir til enn at det snør eller regnar litt ekstra ein dag for at det blir kø, seier trafikkoperatør Marius Råve ved Vegtrafikksentralen. Sentralen har ikkje fått inn meldingar om uhell denne fredagen.

– Vi har berre fått inn éin klage på at det ikkje var brøyta mellom Hanevik og Kleppestø, seier han.

Entreprenørane har meldt tilbake til Vegtrafikksentralen at dei har vore ute med alt tilgjengeleg mannskap.

– Det skjer noko i hovuda på folk når føret er dårleg. Farten går ned, og det blir ekstra kø. Ein må berre tilpassa farten etter forholda, seier Marius Råve.