– Det hender at me har prestar i kyrkjene på Askøy som ikkje jobbar her til vanleg, kjem det frå kyrkjeverje i Askøy kyrkjelege fellesråd Geir Viksund.

– Ikkje noko spesielt

På spørsmål om det i dette tilfelle er henta inn ein prest frå ein annan kommune som følge av at det er eit homofilt par som skal gifta seg, svarar Viksund følgjande:

– Det er prosten (Erling Kopperud journ. anm.) som vel kva prestar som skal vera kvar, så du bør snakka med han. Presten som skal jobba på laurdag er frå same prosti som prestane på Askøy, så det er ikkje noko spesielt ved det.

– Kva tenkjer du om at ein må nytta ein prest frå eit anna kyrkjeleg fellesråd fordi ingen av prestane på Askøy ynskjer å via homofile?

– Du bør snakka med prosten. For dei som giftar seg er ikkje dette noko problem. Kyrkjene våre er opne for alle, så dette kjem til å gå heilt fint, svarar Viksund.

Artikkelen held fram under bilete.

Prost i Vesthordland prosti Erling Kopperud er i likskap med prestane på Askøy imot homofilt ekteskap. Foto: Kyrkja.no

Prosten er imot

Laurdag er det altså duka for den første vigselen på Askøy der to homofile står føre alteret. Det er inga hemmelegheit at dei fem prestane i Askøy ikkje ynskjer å via homofile.

Som kyrkjeverje Viksund råda oss til, tok me kontakt med Erling Kopperud, som er prost i Vesthordland prosti og leiar for prestane i Askøy kommune.

– Vanlegvis har eg ikkje noko med dette å gjere, men ettersom den aktuelle vigslinga er av typen prestar har rett til å velja bort, har eg måtta henta inn soknepresten i Fjell kyrkjelege fellesråd, stadfestar Kopperud, som i likskap med prestane på Askøy er imot at homofile skal få gifta seg i kyrkja.

– Samstundes har eg forståing for at samfunnet elles treng ordningar som gjer dette mogleg å få til, seier prosten.

83 mot 29 stemmer

Under kyrkjemøtet 2017 i januar blei det avgjort – med 83 mot 29 stemmer – at likekjønna skulle få gifta seg i kyrkja. Prestane på Askøy derimot, står på sitt – og seier nei til å vigsla homofile.

– Etter det jeg kjenner til, har ingen endret standpunkt, sa sokneprest på Askøy, Peter Rikard Johansen, til Askøyværingen tidlegare i år.