77 unge vil jobba, men kvar blir oppdraga av?
Treng du hjelp i hagen eller huset i løpet av sommarferien? Då bør du lesa dette.
LES OGSÅ: På jakt etter flittig og rimelig arbeidskraft?
– Me har fått inn 73 søknadar frå ungdommar som ynskjer jobb. Samstundes har berre åtte vaksne meldt i frå om at dei har oppdrag, skriv prosjektkoordinator i UngJobb, Stian Jean Opedal Davies, i ein e-post til Askøyværingen.
I år som i fjor var han tidleg ute med å promotera prosjektet, og rundt 17. mai uttalte han følgande til Askøyværingen:
– Dei som treng hjelp og arbeidskraft må gjerne ta kontakt så snart som mogleg.
Artikkelen held fram nedanfor bilete.
– Kjempefin moglegheit
Dersom du framleis ikkje har teke kontakt, og er av dei som treng hjelp til husmaling, husvasking både innandørs og utandørs, hagearbeid eller utandørs rydding i løpet av sommareferien er det ikkje for seint.
– Me reknar med at det vil koma inn både fleire søkjarar og oppdrag i løpet av den næraste veka. Dette er ein kjempefin moglegheit for vaksne og eldre til å få unnagjort litt «keisamt» arbeid for ein billeg penge. Samstundes gjer ein ei god gjerning ved å støtta ungdom som er på utkikk etter sommarjobb, skriv Opedal Davies.
Artikkelen held fram nedanfor bilete.
Slik blir du oppdragsgjevar
Vidare i e-posten skriv prosjektkoordinatoren at erfaringa frå i fjor tilseier at dette er ein potensiell suksess også i år.
– Nokre av dei som har meldt inn oppdrag i år, var også blant dei som gjorde det i fjor, står det avslutningsvis.
Arbeidsformidlinga til Røde Kors Askøy varer frå 26. juni til 25. august.
Her kan ein fylla ut skjema dersom ein er ungdom og søker jobb, og her kan ein fylla ut skjema dersom man søker arbeidskraft. Ein kan også senda e-post til Stian Jean Opedal Davies dersom ein føretrekk det.