Ifølgje yr.no og Meteorologisk institutt blåste det opp frå kring klokka fem i natt.

– Den kraftigaste vinden vil koma torsdag morgon og utover føremiddagen. Då vil me kunna sjå liten storm frå sør på kysten og full storm ved Stad, seier statsmeteorolog Marit Berger ved Meteorologisk institutt til vg.no.

Det er sendt ut obs-varsel for Hordaland og vêrvarslinga melder om sørleg liten storm med ein vindstyrke på 22 meter i sekundet på kysten. Sogn og Fjordane får den sterkaste vinden, men også her i Hordaland vil folk merka vêret. Særleg i nordre delen av fylket.

– Dette kan ein godt kalla uvêr. Det startar i natt og i morgon tidleg ventar me sørleg, stiv kuling og kanskje opp mot sterk kuling og liten storm på kysten i nord. Så minkar vinden mellombels torsdag ettermiddag, før den tek seg opp att med kraftige kast om kvelden, seier meteorolog Kristin Seter ved Vêrvarslinga på Vestlandet til bt.no.

I obs-varselet vert dei som ferdast på sjøen åtvara mot høge bølgjer. Folk som har trampoliner og andre lause gjenstandar ståande i hagen vert åtvara mot at hagemøblar og liknande kan blåsa avgarde.