Etter ni år som avdelingsleiar i NAV, er Torgils Lutro tilbake som lensmann for Askøy, Sotra og Øygarden lensmannsdistrikt. Foto: Joar Hystad

– Humor er viktig, sjølv om jobben vår ofte kan vera alvorleg

Torgils Lutro (52) held på med alt frå husrestaurering på Lofthus til jakting i fjellet og motorsykkelmekking heime i garasjen i Godvik. Men den nye lensmannen evnar også å slappa av på sofaen. Og ordet «sjef» tykkjer han forresten ikkje noko særleg om.