Dag-Erik Holmedal var den på Team Askøyværingen som samla inn desidert flest kroner under årets Movember-kampanje.

Sjå video av at Tom-Christer Nilsen får barbert bort barten nedst i artikkelen!

– Dette har vore knallkjekt. Eg må ta hatten av for familie, vener og kollegar, som har gjeve rause bidrag til eit viktig føremål, skriv Erdal-rektoren og kommunestyrepolitikaren (Ap) i ein e-post til AV.

Totalt samla Holmedal inn 20.170 kroner, noko han feira med å stilla på jobb med glitterbart på måndag.

Dag-Erik Holmedal var den på Team Askøyværingen som samla inn mest pengar. Foto: Privat

Nærast Holmedal på lista over flittigaste innsamlarane finn me barteguru Frank Lervaag. Den etter kvart så svært røynde Movember-mannen samla inn nøyaktig 15.000 kroner.

Frå Lervaag og ned til dei neste på lista er det eit lite byks. Stortingspolitikar Tom-Christer Nilsen (H) har samla inn 8138 kroner, medan lærar og SV-politikar Rafael Cobo sitt tal er 6666.

Sjå resten av lista her. (Tom-Christer Nilsen sin sum stemmer ikkje med det som faktisk er tilfelle. Dette som følge av kluss i registreringa i innleiingsfasen.)

Totalt samla Team Askøyværingen inn over 70.000 kroner i årets Movember-kampanje. Pengane går til forsking på menn si helse. Me vil nytta høve til å takka alle som har bidrege og støtta aksjonen.

– Me har fått retta fokus mot noko veldig viktig. Alt som bidreg til openheit om ting som er tabu og vrient, men likevel angår mange, er i sum bra, skriv Raudt-politikar Inge Abrahamsen i ein e-post til AV.