Askøybrua blei opna laurdag 12. desember 1992. Dåverande samferdselsminister Kjell Opseth (Ap) erklærte brua for opna presis klokka 12.55. Opseth gjekk forresten bort 3. desember i år, 81 år gammal.

Før Hardangerbrua opna i 2013, var Askøybrua med sine 1057 meter den lengste hengebrua i Nord-Europa. Brutårna ruvar 152 meter over normalt havnivå, medan seglingshøgda under brua er på 63 meter.

I løpet av det første innkrevjingsdøgeret, søndag 13. desember 1992, blei det registrert 3000 passeringar over Askøybrua. Det høyrer med til historia at kjøpesenteret på Vestkanten heldt søndagsope denne dagen og det var dertil dei fleste skulle. I perioden etter opninga låg passeringstalet på om lag 2500. I 2017 ligg talet på daglege passeringar året rundt på jamt over 20.000.

Nedover i artikkelen kan du lesa meir om Askøybrua og sjå fleire bilete frå då Askøyværingen var med byggleiar Jan Ove Nygård og kontrollingeniør Marah Olstad i Statens Vegvesen opp i det eine brutårnet tidlegare i vinter.

Byggeleiar Jan Ove Nygård i Statens vegvesen vedgår at han ikkje alltid tykkjer det er like kjekt å jobba i høgda. – Eg har nok blitt meir pysete med åra, seier Nygård. Foto: Joar Hystad
På den vesle brua mellom dei to «tårnspirene» er det fleire små hol ein kan kikka gjennom og ned på brua. Foto: Joar Hystad
Kontrollingeniør Marah Olstad og byggleiar Jan Ove Nygård kontrollerer at alt er i orden med Askøybrua. – me sjekkar det meste, men særskild dette som har med luftfuktigheit å gjera, seier Nygård. Foto: Joar Hystad
Det går heis opp til toppen av brutårna, men berre på den eine sida. Heisen skranglar godt og kjennest ganske ustabil ut på veg oppover – og nedover. Likar ein ikkje å ta heis, kan ein gå opp spiraltrappa på den andre sida. Foto: Joar Hystad
Kontrollingeniør Marah Olstad og byggleiar Jan Ove Nygård tok seg av den årlege inspeksjonen av Askøybrua i år. Foto: Joar Hystad
Då Askøybrua opna i 1992 budde det framleis under 20.000 personar på Askøy. I 2017 passerer me 29.000 innbyggjarar. Den kraftige folkeveksten har naturlegvis vore med på å auka trafikken over brua dei siste åra, og sidan 2009 har talet på daglege passeringar året rundt auka med 5000. Foto: Joar Hystad
Mara Olstad noterer ned og registrerer informasjon som dei les av ulike målarar i brutårnet. Foto: Joar Hystad
Slik ser det ut på innsida under Askøybrua. Sit ein på Vegvesenet sine nøklar , kan ein i teorien gå heilt til den andre sida, men som Jan Ove Nygård seier; – Det blir mykje bøying opp og ned. Eg vil ikkje anbefala det. Foto: Joar Hystad
Marah Olstad klatrar den siste biten til topps via ein stige midt frå ein tunnel som går mellom dei to bruspirene i det eine brutårnet. Foto: Joar Hystad
Utsikt frå det nordre brutårnet. Foto: Joar Hystad
Slik ser det ut på undersida av Askøybrua. Foto: Joar Hystad