Fristen for å svara er søndag 27. januar.

I år som i fjor og året før leitar me etter den beste spåmannen på Askøy. 2018 var eit innhaldsrikt år for Askøy, og no lurer me på om du kan fortelja oss kva som kjem til å skje i 2019.

Svarfristen er søndag 27. januar kl. 23.59. Vinnaren av konkurransen vil bli premiert med 1000 kroner. Ein må svara via dette skjemaet. Har fleire like mange rette svar, blir éin vinnar trekt ut.

PS! Alle spørsmåla handlar om Askøy, og Askøyværingen er udiskutabel dommar i såkalla tvilstilfelle.