Dei på Askøy som treng stønad til livsopphald, såkalla sosialhjelp, får litt ekstra no til juletida:

  • Par får 1.800 kroner

  • Einslege får 1.200 kroner

  • For kvart barn får ein 650 kroner ekstra

  • Personar i bufellesskap får 900 kroner

  • Heimebuande ungdom og unge vaksne på spesielle tiltak (VEMA): 900 kroner

Øygarden gir meir

Askøy kommune har tradisjon for slike ekstrautbetalingar for at folk skal klara seg gjennom jula. Summane er justert litt opp samanlikna med tidlegare år.

Det er mange kommunar som i år gjort vedtak om ekstra utbetalingar i desember. Summane varierer. I år gjev Øygarden kommune litt meir pengar til sine enn det Askøy gjer.

Har blitt dyrare

Høgare renter, dyr straum og dyrare matvarer fører til at mange slit med å få endane til å møtast. Dei aller mest utsette vest for vest for Askøybrua får no litt større spelerom i jula.

Julepengane kjem sjølvsagt i tillegg til den ordinære sosialhjelpa.

På førre kommunestyre vart det også løyvd ekstra pengar til organisasjonar i jula. «Alternativ jul», som steller til feiring på julaftan, får 50.000 kroner.

I tillegg har kommunen 250.000 kroner som andre organisasjonar kan søkja om. Målet er å sikra at flest mogeleg får ei bra jul. Pengane kan gå til arrangement, matpakker, julegåver eller liknande.

Kommunen tek imot søknadar om desse pengane, med frist 7. desember. Søkjarane må vera organisasjonar som er registert i frivilligregisteret.