Viruset spreier seg raskt gjennom hoste og nysing, og kan også smitta gjennom berøring av til dømes dørhandtak og rekkverk.

Det er difor viktig å vaske hendene ofte og grundig. Ein må òg nytte desinfiksjon så ofte som mogleg. Ein må hoste inn i albuen.

FHI har uttalt at ein bør unngå tett kontakt mellom menneske, og fleire kommunar har innført strenge restriksjonar, noko som påverkar liva til folk.

Det er innført karantenereglar for folk som er smitta eller har vore i situasjonar med vesentleg smittefare.

Askøy kommune sin koronatelefon: 56 15 57 57

Informasjonsline om koronaviruset kan du nå på telefonnummer: 815 55 015.

Legevakt: 116 117

Det er viktig at folk som trur dei kan vere smitta, ikkje møter opp hos fastlegen eller på legevakten, men blir heime og tar kontakt på telefon.

Treng du praktisk hjelp i samband med koronasituasjonen? Eller kan du hjelpa nokon? Då bør du melda deg inn i denne Facebook-gruppa.

Oppdatert informasjon fra Folkehelseinstituttet finner du på denne lenken.

Stengjer skular og barnehagar

Alle utdanningsinstitusjonar og barnehagar er stengt. Barneskular og barnehagar har unntak for personell med nøkkelfunksjonar, slik at desse kan gå på jobb i staden for å vera heime og passa barn.

Kulturarrangement er forbodne og barar, symjehallar og frisørar er blant dei som må stengje.

Nye, strenge reglar vil også gjere det vanskelegare å gå på sjukebesøk.

– Det er innført restriksjonar for besøk til helseinstitusjonane og inngangskontroll for å ta vare på smittevern for pasientar på helseinstitusjonane i landet, opplyser Helsedirektoratet.

Dette er koronaviruset:

Utbruddet starta i storbyen Wuhan i Hubei-provinsen i Kina i desember 2019, og blei i byrjinga knytta til eit matmarked i byen.

Viruset blei identifisert av kinesiske helsemyndigheiter 7. januar 2020.

Det nye viruset som fått namnet SARS-CoV-2 er eit koronavirus (coronavirus) som kan gje luftveisinfeksjon hos menneske. Her kan du lesa om symptoma. Ver merksam på at symptoma kan variera frå person til person.

Det nye koronaviruset (SARS-CoV-2) har visse genetiske likskapar med SARS-viruset (Severe Acute Respiratory Syndrome) som òg tilhøyrer koronavirusfamilien. SARS-utbrotet vart stoppa raskt, korona spreiar seg langt meir.

Sjukdommen har fått navnet covid-19.

Sjukdommen smittar mellom menneske og har spreitt seg frå Kina til store delar av verda, Norge. Her til lands blei viruset påvist 26. februar 2020.

Mange koronavirus gjev berre forkjøling, medan andre kan gje meir alvorleg sjukdom og i nokon høve forårsake dødsfall. Covid-19 er spesielt farleg for folk med luftvegsproblem, ein del andre underliggjande sjukdomar og generelt dårleg helse.

Koronavirus finst også hos dyr.

30. januar 2020 erklærte WHO utbruddet som ei «alvorleg hending av betydning for internasjonal folkehelse».

Seinare har WHO uttalt at det no dreier seg om ein pandemi.

Folkehelseinstituttet (FHI) oppdaterer fortløpande informasjon og råd til befolkninga og helsepersonell på nettsidene sine. Laboratoriet ved FHI har tilgjengeleg analyse for rask påvisnig av viruset, og har referansefunksjon for diagnostikk av SARS-CoV-2.

Kjelde: Folkehelseinstituttet.