Familie på fem huslause etter brann

Ein einebustad på Askøy blei totalskadd i brann natt til tysdag.

Familien som bur i huset kom seg ut før brannmannskapet kom til staden. Ingen av dei har pådrege seg skadar.
Publisert:
Denne artikkelen er over fire år gammel

Politiet fekk melding om brannen like før klokka halv to natt til tysdag.

Ein familie på fem, deriblant fire barn, er huslause som følgje av brannen. Det totalskadde huset har postadresse Orrhaugvegen, ifølge vakthavande brannsjef Jørgen Skogedal.

Den raude markøren på kartet nedanfor er tilfeldig oppsett på Haugland. Brannen oppstod på ei adresse i Orrhaugvegen.

– Varmelampe kan vera årsaka

Ifølge BT, som snakka med operasjonsleiar Frode Kolltveit i Vest politidistrikt i natt, kan ein varmelampe vera årsaka til brannen. Han presiserer likevel at det er for tidleg å konkludera, noko operasjonsleiar Tatjana Knappen også seier til Askøyværingen tysdag morgon.

– Politiet skal gjennomføra kriminaltekniske undersøkingar på staden i dag. Me skal ikkje spekulera for mykje i kva som har skjedd før dette arbeidet er gjort, seier Knappen.

Ho fortel vidare at familien som bur i huset, kom seg ut, og at ingen av dei har pådrege seg skadar.

– Dei fire barna og den vaksne i huset blei sjekka av helsepersonell på staden, opplyser Knappen.

Slo full alarm

Vakthavande brannsjef Jørgen Skogedal var blant dei mange brannmennene som var med på sløkkingsarbeidet i natt.

– Slik eg har forstått det, har brannen oppstått på utsida av huset. Per no har eg ikkje heilt oversikt over kva tid me hadde kontroll på brannen, men det gjekk litt tid, seier Skogedal til Askøyværingen tysdag morgon.

Brannmannskap frå Askøy, Laksevåg og Bergen deltok i arbeidet.

– Me måtte slå full alarm etter ei stund då me såg omfanget, så då fekk me litt ekstra hjelp frå Bergen, forklarar Skogedal.

Publisert: