Sjå saksliste i faktaboksen nedst i artikkelen.

19.50 Kommunestyremøtet er avslutta.

18.52 Kommunestyremøtet held fram som planlagt og politikarane er i gong med å jobba seg gjennom sakslista.

18.24 Budsjett- og økonomiplanen for 2018–2021 er vedteke. Posisjonen sitt forslag vann til slutt fram med 18 mot 17 stemmer, men det skjedde ikkje utan dramatikk. Askøyværingen kjem tilbake med meir.

16.59 Kurt Johnny Hæggernæs (Ap) har akkurat fortalt frå talarstolen at han ikkje ynskjer eigedomsskatt på bustader. Kva det betyr i praksis, er førebels usikkert, men viss ein set det litt på spissen vil til dømes Høgre få fleirtal for sitt budsjettforslag dersom Hæggernæs, i tillegg til KrF, FrP, Venstre og Demokratane, støttar deira forslag. Høgre har som kjent eit budsjett utan eigedomsskatt på bustader.

16.32 Møtet er i gong igjen. Dei neste timane skal kommunestyret diskutera og drøfta dei mange og ulike budsjettforslaga. Askøyværingen oppdaterer dersom det skjer noko spesielt.

Middagen er fortært og budsjettdebatten held fram for Petter Haraldsen Haugland, Trond Nesse Gravdal (begge Høgre) og resten av kommunestyret. Foto: Joar Hystad

14.30 Kommunestyremøtet tek no pause. Fram til klokka 15 vil kommunalsjef for oppvekst Åge Rosnes fortelja kommunestyret litt om evalueringa i etterkant av sykkel-VM. Klokka 15.00 er det julemiddag. Kommunestyremøtet vil truleg vera i gong igjen rundt klokka 16.00.

14.14 «Hovudrunden» er over. No startar sjølve debatten. Om lag 25 kommunestyrerepresentantar har bede om ordet. Dette kjem til å ta tid!

14.02 Inge Abrahamsen (Raudt) har entra talarstolen.

13.54 Jann Atle Jensen (Demokratane) kjem no med sitt forslag.

13.42 Thomas Remme (MDG) fokuserer naturleg nok på miljøet i sitt innlegg.

13.36 Lite kontroversar frå KrF. No skal Rafael Cobo (SV) snakka vidare om budsjettforslaget til posisjonen.

13.25 Vigleik Stoveland (KrF) er i gong på talarstolen.

13.23 Arild Raftevoll (V) legg fram Venstre sitt forslag. Viktig for Raftevoll og Venstre er at eigedomsskatten i sin heilskap går til nedbetaling av gjeld. Han oppmodar posisjonen til å stemma for denne «modifiseringa» av posisjonen sitt budsjett når ddet skal stemmast seinare i dag.

13.13 Varaordførar Bård Espelid (Askøylista) er i gang med å forsvara posisjonen sit budsjettforslag.

12.56 Så er det Roald Stenseide og Framstegspartiet sin tur til å legga fram sitt forslag. Eigedomsskatt er sjølvsagt heilt uaktuelt for FrP. – Dette er eit budsjett totalt utan eigedomsskatt, heller ikkje på verker og bruk, fastslår Stenseide.

12.42 Siv Høgtun legg fram Høgre sitt budsjettforslag. – Dette er eit forslag utan eigedomsskatt og eit offensivt budsjett der det blir lagt opp til samarbeid med private.

12.35 Og der er Elsa Benjaminsen i gong med å legga fram posisjonen sitt budsjettforslag.

12.30 Elsa Benjaminsen (Ap) forklarar frå talarstolen at grunnen til gruppemøtet er at det er ulike synspunkt på eigedomsskatt internt i posisjonen. Ho legg til at dette vil det koma meir om seinare, i samband med framlegginga av budsjett- og økonomiplanen.

12.29 Roald Stenseide (FrP) går på talarstolen og seier at han er forskrekka over måten det blei avheldt gruppemøte på. Han får støtte av Siv Høgtun (H).

12.27 Posisjonspartia er på veg inn igjen i salen. No ventar me i spenning på kva det er som eigentleg skjer. Gruppemøtet tok altså nærare 20 minutt.

12.08 Eit par mindre saker har blitt «banka gjennom». Det nærmar seg budsjett- og økonomiplanen. Men først skal Arbeidarpartiet ha gruppemøte som følge av det gruppeleiar Elsa Benjaminsen karakteriserer som «nye opplysningar som omhandlar budsjett- og økonomiplanen».

12.01 Møtet er i gong igjen.

11.44 Pause.

11.17 Då er det klart for behandling av sak 167/17, som handlar om omlegging av takst- og rabattsystem i Askøypakken i samband med overgang til regionalt bompengeselskap. Onsdag blei det gjort eit vedtak i Fylkestinget som mellom anna seier at det ikkje skal vera noko prioriteringsrekkefølge i Askøypakken. Dette vedtaket blir no hylla av Rosalind Fosse (FrP) og Siv Høgtun (H). Innstillinga som ligg i saka blei einstemmig vedteke. «Passeringstak 27 vil medføre et inntektstap på 3,5 mill. kr pr år. Med 14,5 år gjenstående innkrevingstid vil dette utgjøre ca. 50 mnok for Askøypakken. For å kompensere for dette får vil en da måtte øke taksten med 2 kr for takstgruppe 1 og 7 kr for takstgruppe 2.», står det å lesa i innstillinga.

10.58 Den siste halvtimen har Munkebotn-saka vore oppe til behandling. Askøyværingen kjem tilbake med meir om dette ved eit seinare høve.

10.32 Lovlegheitskontrollen av sluttbehandlinga av «plan 318 Sørepollen småbåthavn» blir diskutert. Etter litt fram og tilbake blir det vedteke at det skal gjennomførast lovlegheitskontroll av saka.

10.20 Behandlinga av Kleppestøplanen er utsett til neste kommunestyremøte etter at eit einstemmig kommunestyremøte støtta utsetjinga. Les meir her.

10.18 Dei første ti minuttane av møtet har handla om Kleppestøplanen, eller rettare sagt om Kleppestøplanen skal behandlast i dagens kommunestyremøtet eller om behandlinga skal utsetjast til det første kommunestyremøtet i 2018. Varaordførar Bård Espelid (Askøylista) meiner at det manglar viktige dokument i saka som gjer det vanskeleg å behandla Kleppestøplanen i dag. Han får støtte frå blant andre Roald Stenseide (FrP) og Siv Høgtun (H). Til slutt stadfestar også Arbeidarpartiet sin gruppeleiar Elsa Benjaminsen at også Ap støttar utsetjing av behandlinga.

10.05 Ingen har merknadar til innkallinga. På spørsmål frå ordføraren om det er nokon som har merknadar til sakslista, ber Roald Stenseide (FrP) om ordet. – Me må klara å plassera dei tyngste sakene tidlegare på sakslista. Det er heilt håplaust at budsjett- og økonomiplanen er så langt nede på lista, seier FrP-gruppeleiaren frå talarstolen.

10.02 Ordførar Terje Mathiassen (Ap) ynskjer velkommen til det siste kommunestyremøte på Askøy i 2017. Til stades i salen i dag er også UKS (Ungdommane sitt kommunestyremøte).

09.54 Det nærmar seg start!

Siv Høgtun (H), Roald Stenseide (FrP) og Elsa Benjaminsen (Ap) blir intervjua av Radio Askøy i forkant av kommunestyremøtet. Kommunestyresalen er pynta med juletre. Foto: Joar Hystad