Difor er sjøen brun i Skiftesvik
– Er det kloakkleidningane som blir vaska ut? spør AV-tipsar.
– Når det regnar, blir sjøen mørkebrun. Er det kloakkleidningane som blir vaska ut? Eller er det jord?
Spørsmåla over kjem frå Sigbjørn Steffensen, som i byrjinga av veka knipsa bilete du kan sjå i toppen av artikkelen.
LES OGSÅ: Starter utbedringene i Kollevåg etter badesesongen
LES OGSÅ: Flaskeposten lå i vannet i 23 år
Klart skile mellom brunt og blått
Sjøen i Skiftesvik har tidvis vore brun dei siste dagane, og skil seg klart ut frå den stålblå sjøen ut mot fjorden.
Kommunalsjef Ivar Ådlandsvik blir nysgjerrig då Askøyværingen ringjer han og spør kva som skjer i Skiftesvik.
– Dette er eit godt spørsmål. Lat meg sjekka opp i det og koma attende til deg, sa kommunalsjefen onsdag ettermiddag.
LES OGSÅ: Hørte lyder fra kjelleren
– Ingenting med kloakk å gjere
Torsdag har Ådlandsvik forklaringa klar:
– Eg har prata med ein del ulike instansar og kome fram til at dette etter all sannsynlegheit har med vegarbeidet i Skiftesvikvegen å gjere, seier Ådlandsvik, og held fram:
– Det har i alle fall ingenting med kloakk å gjere. Hadde det hatt det, ville vatnet vore meir gråleg. Det foregår ein del gravearbeid i vegen ovenfor vika, og jordmassane har ikkje satt seg skikkeleg. Når det kjem styrtregn, dreg vatnet med seg ein del jord nedover i elva og ut i sjøen.
Mest lest akkurat nå
Brukte hele natten på å søke. Mandag morgen fikk de beskjed om at kvinnen var kommet hjem
Økt pågang på flere skoler
Slåsskamp på Kleppestø kai i helgen
Kvadratmeterprisen på Askøy nærmer seg 35.000 kroner i snitt. Dette er den dyreste boligen den siste måneden
Tiltalt for at Ronny døydde: - Eg ville aldri ha gjort noko slikt
Får kritikk for Japan-tur – Høgtun mener det ville være rart om hun ikke drar