– I helga blir det frålandsvind frå aust og til dels sør-aust, og dermed blir det ikkje dei store mengdene med nedbør, fastslår vakthavande meteorolog ved Meteorologisk institutt, Haldis Berge.

Ho presiserer at det kan koma eit par byer utover fredagen, men at både laurdag og søndag ser ut til å bli tørre dagar.

– Laurdag kveld kan det koma eit par dråpar, men noko meir enn det er det ikkje snakk om, seier Berge.

Søndagen kan det koma gløtt av sol, og også måndagen skal bli relativt bra. Men så skjer det ei endring i vêrbilete.

– Tysdag kjemd et ein vêrfront, som skal passera Vestlandet, og det blir pålandsvind. Difor blir det nok ein god del regn heile neste veke fram mot helga, seier Berge, og legg til:

– Frå og med neste laurdag av er meldingane såpass usikre at eg ikkje kan sei kva som ventar oss.

Med det sagt, er det berre å koma seg utandørs i helga og nyta opphaldsvêret.

Hald deg oppdatert på vêret på yr.no!