– Det er eit veldig godt spørsmål, kjem det frå meteorolog Aslaug Skålevik Valved.

I rushtida på fredag dalte snøen tett frå himmelen over Askøy, og ifølge meteorologen er det relativt usikkert kor lenge det kvite teppet blir liggande.

– Me ligg akkurat på vippepunktet temperaturmessig, så det er vanskeleg å spå kva type nedbør som vil koma utover ettermiddagen og kvelden. Slik det ser ut no kan det koma byer av ulikt slag gjennom heile natt til laurdag, mens det skal roa seg litt utover dagen i morgon, seier Skålevik Valved.

Torsdag fortalte meteorolog Frode Hassel at vêret på nyttårsaftan såg ut til å bli bra.

– Står den spådommen framleis ved lag, Skålevik Valved?

– Tja, ikkje heilt. Det vil nok koma ein god del nedbør utover dagen. Samstundes er det venta at det skal letta litt utover kvelden, og slik det ser ut akkurat no er det mogleg at me er heldige og får opphaldsvêr når rakettane skal skytast opp.