- Me veit at det er mykje som er usikkert. Då er det godt å ha nokon å snakka med, seier ordførar Siv Høgtun.

Treng du nokon å snakka med? Då kan du ringa 408 06 186.

Telefonen blir besvart kvardagar mellom klokka 10 og 14.

Bakgrunnen for den nye hjelpetelefonen, er koronapandemien. Med mange i karantene og isolasjon, og strenge reglar for kor mykje sosial kontakt ein kan ha, fryktar kommunen at innbyggjarar strevar med å handtera livssituasjonen sin. «Enten det gjeld foreldrerolla, pårørande til nokon med særlege behov, einsemd, dårlegare psykisk helse, uro eller anna bekymring», skriv Askøy kommune i ei pressemelding.

Alle som føler behov for det, kan ringa. Ordføraren minner og om at Helsestasjon for ungdom er open.

Fleire brukarorganisasjonar har åtvara om at dei strenge koronatiltaka gjer det ekstra tungt for dei som frå før slit psykisk.

Seint søndag kveld kom det melding om to nye koronatilfelle på Askøy. Måndag ettermiddag var det ikkje kome melding om nye tilfelle i dag. Til saman 182 askøyværingar har eller har hatt korona.